Kom i hug mine tapre landsmenn:
I over tusen år har me kjempa i mot
hedninganes bloting og anna styggedom.
Ein viking vaknar til liv.
Jallarhornet bryt stillheita på misjonsmarka. Midgardsormen er nær.
Hortenson grip sverdet og stormar mot langhuset kor ungane blir opplærde i kristenmanns tru. Eit stort beist av eit udyr omringar langhuset. Han skuggar for sola og har ein eim av død og forderving.
Midgardsormen er no svolten på ungt kristenmannsblod.
Ungane hyler av skrekk og mødrene gøymer seg gråtande og ber om frelse. Hortenson går uredd direkte til angrep.
Det kalde stålet frå sverdet trengjer djupt inn i
Midgardsormen sitt skjellbelagte kjøt.
Midgardsormen vrir seg i smerte og skrik så høgt at
jorda ristar og hønene verpar. Hortenson løfter enno ein gong sverdet og med eit bestemt kraftanstrengande slag set han inn nådestøytet. Sverdet svingast og parterar beistet ein siste gong.
Ondskapen døyr ut i dei mørke auga og
halen gjer ein siste krampetrekning før han til slutt fell til jorda.
Midgardsormen er død.
Igjen er misjonsmarka ein trygg stad å leva, for ei stund…..
For å holde oss til fakta:
En relativt giftig grønn mamba på ca 30 cm lå og
slanget seg utenfor Den Norske Skolen her om dagen.
Som den ansvarsbevisste mann jeg er,
grep jeg en spade og parterte nøysommelig slangen i fire deler.
Det ble et naturlig samtaleemne rundt middagsbordet den dagen.

MPP Horten, Kamerun